Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 37:17-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Kong Sidkia sende så bod og henta han til slottet og spurde han i løynd: «Er det kome noko ord frå Herren?» «Det er det», svara Jeremia. «Du skal gjevast i hendene på kongen av Babel.»

18. Så sa Jeremia til kong Sidkia: «Kva synd har eg gjort mot deg og tenarane dine og dette folket sidan de har sett meg i fengsel?

19. Og kvar er no profetane dykkar, dei som profeterte at kongen av Babel ikkje ville gå mot dykk og dette landet?

20. Høyr no, herre konge! Lat mi bøn koma fram for deg! Send meg ikkje tilbake til riksskrivaren Jonatans hus, og lat meg ikkje døy der!»

21. Då sa kong Sidkia frå om at dei skulle halda Jeremia i varetekt i vaktgarden. Der fekk han kvar dag brød frå Bakargata, heilt til det var slutt på brød i byen. Og Jeremia vart sitjande der i vaktgarden.

Les hele kapitlet Jeremia 37