Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 37:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Sidkia, son til Josjia, vart konge etter Konja, son til Jojakim. Kong Nebukadnesar av Babel gjorde han til konge i Juda.

2. Korkje Sidkia eller tenarane hans eller folket i landet ville høyra på dei orda Herren tala gjennom profeten Jeremia.

3. Kong Sidkia sende Jehukal, son til Sjelemja, og presten Sefanja, son til Maaseja, til profeten Jeremia for å seia: «Bed for oss til Herren vår Gud!»

4. På den tid var Jeremia fri til å gå ut og inn mellom folk; dei hadde endå ikkje sett han i fengsel.

5. No hadde faraos hær drege ut frå Egypt. Kaldearane som kringsette Jerusalem, fekk høyra om det og braut opp frå byen.

6. Då kom Herrens ord til profeten Jeremia:

7. Så seier Herren, Israels Gud: Dette skal de seia til Juda-kongen, som har sendt dykk for å spørja meg til råds: Sjå, faraos hær, som har fare ut for å hjelpa dykk, vil venda attende til sitt land, til Egypt.

8. Og så kjem kaldearane att og går til strid mot denne byen. Dei kjem til å ta han og brenna han.

9. Så seier Herren: De må ikkje narra dykk sjølve og seia: «Kaldearane dreg sikkert bort frå oss.» For det gjer dei ikkje.

Les hele kapitlet Jeremia 37