Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 37:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Sidkia, son til Josjia, vart konge etter Konja, son til Jojakim. Kong Nebukadnesar av Babel gjorde han til konge i Juda.

2. Korkje Sidkia eller tenarane hans eller folket i landet ville høyra på dei orda Herren tala gjennom profeten Jeremia.

3. Kong Sidkia sende Jehukal, son til Sjelemja, og presten Sefanja, son til Maaseja, til profeten Jeremia for å seia: «Bed for oss til Herren vår Gud!»

4. På den tid var Jeremia fri til å gå ut og inn mellom folk; dei hadde endå ikkje sett han i fengsel.

5. No hadde faraos hær drege ut frå Egypt. Kaldearane som kringsette Jerusalem, fekk høyra om det og braut opp frå byen.

6. Då kom Herrens ord til profeten Jeremia:

7. Så seier Herren, Israels Gud: Dette skal de seia til Juda-kongen, som har sendt dykk for å spørja meg til råds: Sjå, faraos hær, som har fare ut for å hjelpa dykk, vil venda attende til sitt land, til Egypt.

8. Og så kjem kaldearane att og går til strid mot denne byen. Dei kjem til å ta han og brenna han.

9. Så seier Herren: De må ikkje narra dykk sjølve og seia: «Kaldearane dreg sikkert bort frå oss.» For det gjer dei ikkje.

10. Om de slo heile kaldearhæren som går til strid mot dykk, og det berre var att nokre hardt såra, kom dei til å reisa seg, kvar frå sitt telt, og brenna ned denne byen.

11. Då kaldearhæren hadde trekt seg tilbake frå Jerusalem på grunn av hæren til farao,

12. gjekk Jeremia ut av Jerusalem for å gå til Benjamin-landet. Han skulle ordna med ein arv mellom folket der.

Les hele kapitlet Jeremia 37