Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 36:6-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Men du skal gå på ein fastedag og lesa opp Herrens ord frå bokrullen du skreiv då eg dikterte. Det skal du gjera i Herrens hus medan folket høyrer på. Alle som kjem inn frå byane i Juda, skal du òg lesa det opp for.

7. Kanskje dei då vil koma fram for Herren med si bøn og venda om frå sine vonde vegar, for stor er vreiden og harmen som Herren har truga dette folket med.

8. Og Baruk, son til Neria, gjorde alt det som profeten Jeremia hadde bode han. Han las opp Herrens ord frå rullen i Herrens hus.

9. Det var i det femte året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, i den niande månaden, at det vart ropa ut faste for Herren. Det gjaldt alt folket i Jerusalem og alle som kom inn til Jerusalem frå byane i Juda.

10. Då las Baruk opp Jeremias ord frå bokrullen i Herrens hus medan alt folket høyrde på. Det var i rommet til riksskrivaren Gemarja, son til Sjafan, i den øvre føregarden, attmed inngangen til den nye porten til Herrens hus.

11. Då Mika, son til Gemarja, Sjafans son, høyrde alle Herrens ord som stod i bokrullen,

12. gjekk han ned i kongens slott, til riksskrivaren sitt rom. Der sat alle leiarane samla: riksskrivaren Elisjama, Delaja, son til Sjemaja, Elnatan, son til Akbor, Gemarja, son til Sjafan, Sidkia, son til Hananja og alle dei andre leiarane.

13. Mika fortalde dei kvart ord han hadde høyrt då Baruk las opp frå bokrullen for folket.

14. Då sende alle leiarane bod til Baruk med Jehudi, son til Netanja, som var son til Sjelemja, Kusjis son: «Ta med deg den bokrullen du las opp frå for folket, og kom hit!» Så tok Baruk, son til Neria, med seg rullen og gjekk inn til dei.

15. Dei sa til han: «Set deg ned og les høgt for oss!» Og Baruk las for dei.

Les hele kapitlet Jeremia 36