Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 36:22-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Kongen sat i vinterhuset, for det var i den niande månaden, og elden brann i fyrfatet framfor han.

23. Kvar gong Jehudi hadde lese tre–fire spalter, skar kongen dei av med ein pennekniv og kasta dei på elden i fyrfatet, heilt til heile bokrullen hadde brunne opp.

24. Men dei vart ikkje slegne av redsle og reiv ikkje sund kleda sine, korkje kongen eller tenarane hans som høyrde alle desse orda.

25. Elnatan, Delaja og Gemarja bad alt dei kunne om at kongen ikkje skulle brenna opp rullen, men han høyrde ikkje på dei.

26. Sidan baud kongen at kongssonen Jerahmeel og Seraja, son til Asriel, og Sjelemja, son til Abdeel, skulle setja fast skrivaren Baruk og profeten Jeremia. Men Herren løynde dei.

27. Herrens ord kom til Jeremia etter at kongen hadde brent opp bokrullen med dei orda Baruk skreiv ned etter kva Jeremia sa:

28. Ta no ein annan bokrull og skriv i han dei same orda som stod i den første rullen, den som kong Jojakim av Juda brende opp.

29. Du skal seia til kong Jojakim av Juda: Så seier Herren: Du brende opp denne bokrullen og spurde: «Kvifor skreiv du der at kongen av Babel skal koma og øydeleggja dette landet og utrydda både menneske og dyr?»

30. Difor seier Herren om kong Jojakim av Juda: Han skal ikkje ha nokon etterfølgjar på Davids trone. Liket hans skal slengjast bort og liggja der i heten om dagen og i kulden om natta.

31. Eg skal straffa både han og etterkomarane hans og alle tenarane hans for dei vonde gjerningane dei har gjort. Over dei og innbyggjarane i Jerusalem og mennene i Juda fører eg alt det vonde som eg har truga dei med, men som dei ikkje ville høyra om.

32. Så tok Jeremia ein ny bokrull og gav han til skrivaren Baruk, son til Neria. Han skreiv ned i han etter det Jeremia sa, alle dei orda som hadde stått i den rullen kong Jojakim av Juda brende opp, og mange liknande ord i tillegg til dei.

Les hele kapitlet Jeremia 36