Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 36:19-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Då sa leiarane til Baruk: «Gå og gøym dykk, du og Jeremia! Ingen må få vita kvar de er!»

20. Så gjekk dei inn til kongen i slottsgarden. Bokrullen hadde dei gjeve frå seg i rommet til riksskrivaren Elisjama. Dei fortalde kongen alt saman.

21. Kongen sende Jehudi for å henta bokrullen, og han henta han frå rommet til riksskrivaren Elisjama, og så las Jehudi han opp for kongen og for alle leiarane som stod kringom han.

22. Kongen sat i vinterhuset, for det var i den niande månaden, og elden brann i fyrfatet framfor han.

23. Kvar gong Jehudi hadde lese tre–fire spalter, skar kongen dei av med ein pennekniv og kasta dei på elden i fyrfatet, heilt til heile bokrullen hadde brunne opp.

24. Men dei vart ikkje slegne av redsle og reiv ikkje sund kleda sine, korkje kongen eller tenarane hans som høyrde alle desse orda.

25. Elnatan, Delaja og Gemarja bad alt dei kunne om at kongen ikkje skulle brenna opp rullen, men han høyrde ikkje på dei.

26. Sidan baud kongen at kongssonen Jerahmeel og Seraja, son til Asriel, og Sjelemja, son til Abdeel, skulle setja fast skrivaren Baruk og profeten Jeremia. Men Herren løynde dei.

27. Herrens ord kom til Jeremia etter at kongen hadde brent opp bokrullen med dei orda Baruk skreiv ned etter kva Jeremia sa:

28. Ta no ein annan bokrull og skriv i han dei same orda som stod i den første rullen, den som kong Jojakim av Juda brende opp.

Les hele kapitlet Jeremia 36