Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 36:11-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Då Mika, son til Gemarja, Sjafans son, høyrde alle Herrens ord som stod i bokrullen,

12. gjekk han ned i kongens slott, til riksskrivaren sitt rom. Der sat alle leiarane samla: riksskrivaren Elisjama, Delaja, son til Sjemaja, Elnatan, son til Akbor, Gemarja, son til Sjafan, Sidkia, son til Hananja og alle dei andre leiarane.

13. Mika fortalde dei kvart ord han hadde høyrt då Baruk las opp frå bokrullen for folket.

14. Då sende alle leiarane bod til Baruk med Jehudi, son til Netanja, som var son til Sjelemja, Kusjis son: «Ta med deg den bokrullen du las opp frå for folket, og kom hit!» Så tok Baruk, son til Neria, med seg rullen og gjekk inn til dei.

15. Dei sa til han: «Set deg ned og les høgt for oss!» Og Baruk las for dei.

16. Då dei høyrde alle desse orda, såg dei forfærde på kvarandre og sa til Baruk: «Dette må vi seia frå til kongen om!»

17. Dei spurde Baruk: «Fortel oss korleis du kom til å skriva ned alt dette. Var det han som dikterte?»

18. Baruk svara: «Han dikterte alle desse orda til meg, og eg skreiv dei ned i rullen med blekk.»

19. Då sa leiarane til Baruk: «Gå og gøym dykk, du og Jeremia! Ingen må få vita kvar de er!»

20. Så gjekk dei inn til kongen i slottsgarden. Bokrullen hadde dei gjeve frå seg i rommet til riksskrivaren Elisjama. Dei fortalde kongen alt saman.

21. Kongen sende Jehudi for å henta bokrullen, og han henta han frå rommet til riksskrivaren Elisjama, og så las Jehudi han opp for kongen og for alle leiarane som stod kringom han.

22. Kongen sat i vinterhuset, for det var i den niande månaden, og elden brann i fyrfatet framfor han.

23. Kvar gong Jehudi hadde lese tre–fire spalter, skar kongen dei av med ein pennekniv og kasta dei på elden i fyrfatet, heilt til heile bokrullen hadde brunne opp.

24. Men dei vart ikkje slegne av redsle og reiv ikkje sund kleda sine, korkje kongen eller tenarane hans som høyrde alle desse orda.

25. Elnatan, Delaja og Gemarja bad alt dei kunne om at kongen ikkje skulle brenna opp rullen, men han høyrde ikkje på dei.

26. Sidan baud kongen at kongssonen Jerahmeel og Seraja, son til Asriel, og Sjelemja, son til Abdeel, skulle setja fast skrivaren Baruk og profeten Jeremia. Men Herren løynde dei.

Les hele kapitlet Jeremia 36