Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 35:9-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Vi har ikkje bygd hus til å bu i, og vi har korkje vinmarker, jorder eller såkorn,

10. men vi bur i telt. Vi har vore lydige og har gjort alt det far vår, Jonadab, baud oss.

11. Men då kong Nebukadnesar av Babel rykte inn i landet, sa vi: «Kom, lat oss dra til Jerusalem, bort frå hærane til kaldearane og aramearane.» Så no bur vi i Jerusalem.

12. Då kom Herrens ord til Jeremia:

13. Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Gå og sei til mennene i Juda og innbyggjarane i Jerusalem: Vil de ikkje ta imot lærdom og høyra på mine ord? seier Herren.

14. Boda som Jonadab, son til Rekab, påla sønene sine, har dei halde. Dei skulle ikkje drikka vin. Til denne dag har dei ikkje drukke vin, for dei lydde påbodet frå far sin. Men eg har tala til dykk både seint og tidleg, og de høyrde ikkje på meg.

15. Eg sende alle tenarane mine, profetane, til dykk seint og tidleg og sa: «Vend om, kvar og ein frå sin vonde veg! Gjer gjerningane dykkar gode! De skal ikkje følgja andre gudar og ikkje tena dei! Så skal de få bu i det landet eg gav dykk og fedrane dykkar.» Men de vende ikkje øyret til og ville ikkje høyra på meg.

16. Sønene til Jonadab, son til Rekab, har halde det ordet som far deira gav dei, men dette folket ville ikkje høyra på meg.

17. Difor seier Herren, allhærs Gud, Israels Gud: Sjå, eg vil føra over Juda og alle som bur i Jerusalem, alt dette vonde som eg har truga dei med. For dei høyrde ikkje då eg tala til dei, og svara ikkje då eg ropa på dei.

18. Men til huset åt rekabittane sa Jeremia: Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: De lydde ordet frå Jonadab, far dykkar. De heldt alle orda hans og gjorde alt det han baud dykk,

19. og difor, seier Herren over hærskarane, Israels Gud, skal Jonadab, son til Rekab, aldri mangla menn som står for mitt andlet.

Les hele kapitlet Jeremia 35