Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 34:8-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Dette ordet kom til Jeremia frå Herren etter at kong Sidkia hadde gjort ei pakt med alt folket i Jerusalem om å ropa ut fridom.

9. Den som hadde ein hebraisk slave, mannleg eller kvinneleg, skulle gje slaven fri; ingen skulle halda ein judeisk landsmann som slave.

10. Alle leiarane og alt folket som slutta seg til pakta, lydde henne. Dei sette slavane sine fri, menn og kvinner, og heldt dei ikkje lenger som slavar. Dei lydde og lét dei gå.

11. Men sidan snudde dei om, dei tok tilbake slavane som dei hadde gjeve fri, menn og kvinner, og tvinga dei til slaveri att.

12. Då kom Herrens ord til Jeremia frå Herren:

13. Så seier Herren, Israels Gud: Eg gjorde ei pakt med fedrane dykkar den gongen eg førte dei ut frå Egypt, ut frå slavehuset:

14. «Kvart sjuande år skal kvar og ein av dykk gje fri sin hebraiske landsmann som har måtta selja seg til deg. Seks år skal han tena deg, men så skal du setja han fri og la han gå.» Men fedrane dykkar høyrde ikkje på meg og vende ikkje øyret til.

15. Nyleg vende de om og gjorde det som rett er i mine auge, de ropa ut fridom for nesten og gjorde ei pakt for mitt andlet i det huset som namnet mitt er nemnt over.

16. Men så snudde de om og vanæra mitt namn, de tok tilbake slavane de hadde gjeve fri, menn og kvinner, og tvinga dei til slaveri att.

17. Difor seier Herren: Fordi de ikkje ville høyra på meg og ropa ut fridom for neste og bror, skal eg no ropa ut fridom for dykk, seier Herren: fridom til sverd og pest og svolt. Eg skal gjera dykk til redsle for alle rike på jord.

18. Dei som braut pakta mi og ikkje heldt orda i den pakta dei gjorde for mitt andlet, med dei skal eg gjera som med den kalven dei skar i to så dei kunne gå mellom stykka.

19. Leiarane i Juda og Jerusalem, hoffmennene og prestane og alt folket i landet som gjekk mellom stykka av kalven,

20. gjev eg i hendene på fiendar og folk som står dei etter livet. Lika av dei skal bli til føde for fuglane under himmelen og for dyra på marka.

21. Kong Sidkia av Juda og leiarane hans gjev eg i hendene på fiendar og folk som står dei etter livet, hæren til kongen av Babel, som no har drege bort frå dykk.

Les hele kapitlet Jeremia 34