Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 34:2-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Så seier Herren, Israels Gud: Gå og sei til kong Sidkia av Juda, du skal seia til han: Så seier Herren: Sjå, no gjev eg denne byen over i hendene på kongen av Babel, og han skal brenna han ned.

3. Du skal ikkje sleppa unna han, men bli gripen og gjeven over i hans hender. Auga dine må sjå kongen av Babel i auga, og han skal snakka med deg andlet til andlet. Til Babel skal du koma.

4. Men høyr no Herrens ord, Sidkia, du som er konge i Juda! Så seier Herren om deg: Du skal ikkje døy for sverd,

5. i fred skal du døy. Og slik dei kveikte eld til ære for fedrane dine som var kongar før deg, skal dei òg kveikja eld til ære for deg. Dei skal halda sørgjehøgtid over deg og ropa: «Å ve, herre!» Dette er ordet eg har tala, seier Herren.

6. Alt dette tala profeten Jeremia til kong Sidkia av Juda i Jerusalem

7. medan hæren til kongen av Babel gjekk til åtak på Jerusalem og alle byane som var att i Juda, Lakisj og Aseka. Det var dei einaste festningsbyane som var att i Juda.

8. Dette ordet kom til Jeremia frå Herren etter at kong Sidkia hadde gjort ei pakt med alt folket i Jerusalem om å ropa ut fridom.

9. Den som hadde ein hebraisk slave, mannleg eller kvinneleg, skulle gje slaven fri; ingen skulle halda ein judeisk landsmann som slave.

10. Alle leiarane og alt folket som slutta seg til pakta, lydde henne. Dei sette slavane sine fri, menn og kvinner, og heldt dei ikkje lenger som slavar. Dei lydde og lét dei gå.

11. Men sidan snudde dei om, dei tok tilbake slavane som dei hadde gjeve fri, menn og kvinner, og tvinga dei til slaveri att.

12. Då kom Herrens ord til Jeremia frå Herren:

13. Så seier Herren, Israels Gud: Eg gjorde ei pakt med fedrane dykkar den gongen eg førte dei ut frå Egypt, ut frå slavehuset:

14. «Kvart sjuande år skal kvar og ein av dykk gje fri sin hebraiske landsmann som har måtta selja seg til deg. Seks år skal han tena deg, men så skal du setja han fri og la han gå.» Men fedrane dykkar høyrde ikkje på meg og vende ikkje øyret til.

15. Nyleg vende de om og gjorde det som rett er i mine auge, de ropa ut fridom for nesten og gjorde ei pakt for mitt andlet i det huset som namnet mitt er nemnt over.

Les hele kapitlet Jeremia 34