Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 32:37-44 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

37. Sjå, eg samlar dei frå alle dei land eg dreiv dei bort til i min store vreide og harme og i mitt sinne, og fører dei tilbake til denne staden og lèt dei bu trygt.

38. Dei skal vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud.

39. Eg gjev dei eitt hjarte og éin veg for at dei alltid skal frykta meg, til beste for dei sjølve og borna deira etter dei.

40. Eg gjer ei evig pakt med dei; eg vil ikkje venda meg bort frå dei, men gjera godt mot dei. Eg legg frykt for meg i hjartet deira, så dei ikkje skal vika frå meg.

41. Eg vil gleda meg over dei og gjera godt imot dei. Av heile mitt hjarte og heile mi sjel skal eg trufast planta dei i dette landet.

42. For så seier Herren: Slik eg har ført alle desse store ulukkene over folket, slik vil eg òg føra over dei alt det gode eg har lova dei.

43. Folk skal kjøpa åkrar her i landet, det landet som de seier har vorte ein ørken utan menneske og dyr, eit land gjeve over i hendene på kaldearane.

44. Dei skal kjøpa åkrar for pengar og skriva skøyte som dei forseglar og får vitne til å stadfesta. Dette skal dei gjera både i Benjamin-landet, i området rundt Jerusalem og i byane i Juda, i fjellandet, i låglandet og i Negev. For eg vender lagnaden for dykk, seier Herren.

Les hele kapitlet Jeremia 32