Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 32:29-44 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

29. Kaldearane som går til åtak på denne byen, skal koma inn og setja eld på han. Dei skal brenna opp byen og alle husa der folk tende offereld for Baal på taka, auste ut drikkoffer for andre gudar og gjorde meg rasande.

30. For heilt frå ungdomen av har israelittane og judearane berre gjort det som vondt er i mine auge. Ja, israelittane gjer meg stadig rasande med slikt dei lagar med eigne hender, seier Herren.

31. Denne byen har gjort meg vreid og harm heilt frå den gong dei bygde han og fram til denne dag. Han skal bort frå mitt andlet,

32. for israelittane og judearane har gjort så mykje vondt, dei har gjort meg rasande, både dei og kongane og leiarane deira, prestane og profetane deira, mennene i Juda og innbyggjarane i Jerusalem.

33. Dei snudde ryggen til meg, ikkje andletet, og endå eg lærte dei opp både seint og tidleg, ville dei ikkje høyra på meg og ikkje ta imot lærdom.

34. Men dei avskyelege gudane sine sette dei opp i huset som mitt namn er nemnt over, så det vart ureint.

35. Dei bygde offerhaugar for Baal i Ben-Hinnom-dalen for å ofra sønene og døtrene sine til Molok. Det har eg ikkje pålagt dei, det har aldri vore i mine tankar at dei skulle gjera noko så avskyeleg og slik få Juda til å synda.

36. Difor, no seier Herren, Israels Gud, om denne byen som de seier er gjeven over i hendene på kongen av Babel og til sverd og svolt og pest:

37. Sjå, eg samlar dei frå alle dei land eg dreiv dei bort til i min store vreide og harme og i mitt sinne, og fører dei tilbake til denne staden og lèt dei bu trygt.

38. Dei skal vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud.

39. Eg gjev dei eitt hjarte og éin veg for at dei alltid skal frykta meg, til beste for dei sjølve og borna deira etter dei.

40. Eg gjer ei evig pakt med dei; eg vil ikkje venda meg bort frå dei, men gjera godt mot dei. Eg legg frykt for meg i hjartet deira, så dei ikkje skal vika frå meg.

41. Eg vil gleda meg over dei og gjera godt imot dei. Av heile mitt hjarte og heile mi sjel skal eg trufast planta dei i dette landet.

42. For så seier Herren: Slik eg har ført alle desse store ulukkene over folket, slik vil eg òg føra over dei alt det gode eg har lova dei.

43. Folk skal kjøpa åkrar her i landet, det landet som de seier har vorte ein ørken utan menneske og dyr, eit land gjeve over i hendene på kaldearane.

44. Dei skal kjøpa åkrar for pengar og skriva skøyte som dei forseglar og får vitne til å stadfesta. Dette skal dei gjera både i Benjamin-landet, i området rundt Jerusalem og i byane i Juda, i fjellandet, i låglandet og i Negev. For eg vender lagnaden for dykk, seier Herren.

Les hele kapitlet Jeremia 32