Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 32:2-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Den gongen var Jerusalem kringsett av hæren til kongen av Babel, og profeten Jeremia sat fengsla i vaktgarden på slottet til kongen av Juda.

3. Kong Sidkia av Juda hadde fengsla han og sagt: «Kvifor profeterer du: Så seier Herren: Sjå, eg gjev denne byen over i hendene på kongen av Babel, og han skal ta han.

4. Og Sidkia, kongen i Juda, skal ikkje sleppa unna kaldearane, men gjevast over i hendene på kongen av Babel, snakka med han andlet til andlet og sjå han auge i auge.

5. Han skal føra Sidkia til Babel, og der skal han vera heilt til eg tek meg av han, seier Herren. Når de kjempar mot kaldearane, skal de ikkje lukkast.»

6. Jeremia sa: Herrens ord kom til meg:

7. Sjå, no kjem Hanamel, son til onkelen din, Sjallum, til deg og seier: «Kjøp det jordstykket eg har i Anatot. For du har rett til å løysa det inn og kjøpa det.»

8. Og så kom Hanamel, son til onkelen min, til meg i vaktgarden slik Herren hadde sagt, og sa: «Kjøp det jordstykket eg har i Anatot i Benjamin-landet. For du har odelsretten og innløysingsretten. Du må kjøpa det.»Då skjøna eg at det var eit ord frå Herren.

9. Så kjøpte eg jordstykket i Anatot av Hanamel, son til onkelen min, og vog opp pengane; det var sytten sjekel sølv.

10. Eg sette opp eit dokument og forsegla det, fekk vitne til å stadfesta det og vog opp sølv i skålvekt.

11. Så tok eg skøytet, både den delen som var forsegla, i samsvar med bod og forskrifter, og den som var open.

12. Eg gav det til Baruk, son til Neria, Mahsejas son, framfor auga på Hanamel, syskenbarnet mitt, og vitna som hadde skrive under på skøytet, og alle dei judearane som heldt til i vaktgarden.

13. For auga deira påla eg Baruk:

14. Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Ta desse rullane, dette skøytet, både den delen som er forsegla, og den som er open, og legg dei i ei leirkrukke så dei kan halda seg lenge.

15. For så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Endå ein gong skal dei kjøpa hus og jorder og vinmarker i dette landet.

16. Eg bad til Herren etter at eg hadde gjeve skøytet til Baruk, son til Neria:

17. Å, min Herre og Gud! Sjå, du har skapt himmel og jord med di store kraft og din utstrekte arm. Ingen ting er umogleg for deg.

Les hele kapitlet Jeremia 32