Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 32:15-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. For så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Endå ein gong skal dei kjøpa hus og jorder og vinmarker i dette landet.

16. Eg bad til Herren etter at eg hadde gjeve skøytet til Baruk, son til Neria:

17. Å, min Herre og Gud! Sjå, du har skapt himmel og jord med di store kraft og din utstrekte arm. Ingen ting er umogleg for deg.

18. Du viser trufast kjærleik i tusen slektsledd, men sender straffa for skulda til fedrane i fanget på borna deira. Du store, veldige Gud, Herren over hærskarane er ditt namn,

19. stor er du i råd og mektig i gjerning. Auga dine ser vegane til menneska, du gjev kvar og ein etter hans vegar og etter frukta av hans gjerningar.

20. Du gjorde teikn og under i Egypt slik du gjer den dag i dag både i Israel og mellom andre menneske. Du har skapt deg eit namn slik det er i dag.

21. Du førte ditt folk Israel ut frå Egypt med teikn og under, med sterk hand og utstrekt arm og skremmande kraft,

22. og du gav dei dette landet som du med eid hadde lova å gje fedrane deira, eit land som fløymer med mjølk og honning.

23. Og dei kom og tok det i eige. Men dei ville ikkje lyda deg og følgde ikkje di lov. Dei gjorde ikkje noko av alt det du hadde pålagt dei. Så lét du all denne ulukka ramma dei.

24. Sjå, det har kome vollar rundt byen, så dei kan ta han. Ved sverd og svolt og pest er byen gjeven over i hendene på kaldearane som går til åtak på han. Det du har sagt, har hendt. Du kan sjå det sjølv.

25. Men du, min Herre og Gud, seier til meg: «Kjøp deg dette jordstykket for pengar og lat vitne stadfesta kjøpet!» – og det medan byen blir gjeven over i hendene på kaldearane.

26. Då kom Herrens ord til Jeremia:

27. Sjå, eg, Herren, er Gud for alt som lever. Er noko umogleg for meg?

28. Difor, seier Herren, gjev eg denne byen i hendene på kaldearane, i hendene på kong Nebukadnesar av Babel, og han skal ta han.

29. Kaldearane som går til åtak på denne byen, skal koma inn og setja eld på han. Dei skal brenna opp byen og alle husa der folk tende offereld for Baal på taka, auste ut drikkoffer for andre gudar og gjorde meg rasande.

30. For heilt frå ungdomen av har israelittane og judearane berre gjort det som vondt er i mine auge. Ja, israelittane gjer meg stadig rasande med slikt dei lagar med eigne hender, seier Herren.

Les hele kapitlet Jeremia 32