12. Eg gav det til Baruk, son til Neria, Mahsejas son, framfor auga på Hanamel, syskenbarnet mitt, og vitna som hadde skrive under på skøytet, og alle dei judearane som heldt til i vaktgarden.
13. For auga deira påla eg Baruk:
14. Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Ta desse rullane, dette skøytet, både den delen som er forsegla, og den som er open, og legg dei i ei leirkrukke så dei kan halda seg lenge.
15. For så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Endå ein gong skal dei kjøpa hus og jorder og vinmarker i dette landet.
16. Eg bad til Herren etter at eg hadde gjeve skøytet til Baruk, son til Neria:
17. Å, min Herre og Gud! Sjå, du har skapt himmel og jord med di store kraft og din utstrekte arm. Ingen ting er umogleg for deg.
18. Du viser trufast kjærleik i tusen slektsledd, men sender straffa for skulda til fedrane i fanget på borna deira. Du store, veldige Gud, Herren over hærskarane er ditt namn,
19. stor er du i råd og mektig i gjerning. Auga dine ser vegane til menneska, du gjev kvar og ein etter hans vegar og etter frukta av hans gjerningar.
20. Du gjorde teikn og under i Egypt slik du gjer den dag i dag både i Israel og mellom andre menneske. Du har skapt deg eit namn slik det er i dag.
21. Du førte ditt folk Israel ut frå Egypt med teikn og under, med sterk hand og utstrekt arm og skremmande kraft,