Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 31:26-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Då vakna eg og såg meg ikring. Søvnen hadde gjort meg godt.

27. Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg sår ut menneske og dyr i Israels og Judas hus.

28. Og slik eg før vakte over dei for å rykkja opp og riva ned, knusa, øydeleggja og skada, slik vil eg no vaka over dei for å byggja og planta, seier Herren.

29. På den tidskal dei ikkje lenger seia:Fedrane åt sure druer,og borna fekk dårlege tenner.

30. Men kvar skal døy for si eiga synd.Den som et sure druer,skal sjølv få dårlege tenner.

31. Sjå, dagar skal koma, seier Herren,då eg gjer ei ny paktmed Israels hus og Judas hus,

32. ikkje som den paktaeg gjorde med fedrane deiraden dagen eg tok dei i handaog førte dei ut frå Egypt;den pakta braut dei,endå eg var herren deira, seier Herren.

33. Men dette er pakta eg vil gjeramed Israels hus i dagar som kjem,seier Herren:Eg legg mi lov i sinnet deiraog skriv henne i hjartet deira.Eg skal vera deira Gud,og dei skal vera mitt folk.

34. Då skal ingen lengerundervisa sin neste og sin brorog seia: «Kjenn Herren!»For dei skal alle kjenna meg,både små og store, seier Herren.For eg vil tilgje skulda deiraog ikkje lenger hugsa synda.

35. Så seier Herren,han som sette sola til å lysa om dagenog baud månen og stjernene å lysa om natta,han som rører opp havet så bølgjene drønnar, Herren over hærskarane er hans namn:

36. Lèt eg desse skipnadene vika,seier Herren,då skal òg Israels ætt for alltidhalda opp med å vera eit folk for mitt andlet.

37. Så seier Herren:Om himmelen der oppe kan målastog grunnvollane på jorda der nede granskast,då vil eg òg støyta frå megheile Israels ættfor alt det dei har gjort, seier Herren.

38. Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då byen skal byggjast opp att for Herren, frå Hananel-tårnet til Hjørneporten.

39. Målesnora skal gå vidare beint fram til Gareb-haugen og så bøya av til Goa.

40. Heile dalen med lika og den feite offeroska og alle skråningane ned til Kedron-dalen, til hjørnet ved Hesteporten mot aust, skal vera heilag for Herren. Aldri meir skal byen rivast ned eller knusast.

Les hele kapitlet Jeremia 31