Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 31:17-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Det er von for etterkomarane dine, seier Herren,borna skal venda heim til sitt eige land.

18. Eg har høyrt Efraim synast synd på seg sjølv:Du har tukta meg,eg vart tukta som ein utamd kalv.Vend meg om, så eg kan venda heim!For du er Herren min Gud.

19. Då eg hadde vendt meg bort,angra eg,og då eg fekk innsikt,slo eg meg på låret.Skam og vanære må eg berafor min ungdoms spott.

20. Er Efraim min dyrebare son,er han mitt kjæraste barn?Kvar gong eg talar imot han,må eg likevel tenkja på han.Difor skjelv mitt indre for han,eg må visa miskunn mot han,seier Herren.

21. Reis merkesteinar,set opp vegmerke!Legg nøye merke til den vegen du gjekk!Vend attende, jomfru Israel,attende til desse byane dine!

22. Kor lenge vil du snu deg hit og dit,du fråfalne dotter?No skaper Herren noko nytt i landet,ei kvinne skal verja ein mann.

23. Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Endå ein gong skal Juda og byane der seia desse orda når eg vender lagnaden for dei: «Herren velsigne deg, du rettferds bustad, du heilage fjell.»

24. Der skal Juda og alle byane bu saman, både bønder og gjetarar som flakkar ikring med flokken sin.

25. Eg gjev den slitne rikeleg å drikka og mettar alle som lid naud.

26. Då vakna eg og såg meg ikring. Søvnen hadde gjort meg godt.

Les hele kapitlet Jeremia 31