Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 30:15-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Kvifor skrik du om brotet ditt,om di ubotelege smerte?Fordi skulda di er storog syndene dine mange,har eg gjort dette mot deg.

16. Difor skal alle som slukte deg,sjølve bli slukte,alle motstandarane dineskal takast til fange.Og dei som plyndra deg,skal sjølve bli plyndra;alle som rana deg,gjev eg til rov.

17. Eg lèt såra dine groog lækjer slaga du fekk, seier Herren,du som vart kallaHo som er driven bort,Sion, som ingen spør etter.

18. Så seier Herren:Sjå, eg vil venda lagnaden til Jakobs teltog visa miskunn mot hans bustader.Kvar by skal byggjast på sin ruinhaug,kvar borg skal stå på sin rette stad.

19. Frå dei skal det lyda lovsong og latter.Eg gjer dei fleire, ikkje færre,eg gjev dei ære, dei skal ikkje vanvørdast.

20. Borna hans skal vera som før,forsamlinga skal stå fast for mitt andlet.Eg vil straffa alle som undertrykkjer dei.

21. Den fremste i folket skal vera ein av deira eigne,herskaren skal koma frå dei sjølve.Eg lèt han koma og stiga fram for meg.For kven vil elles gje hjartet i pantfor å nærma seg meg? seier Herren.

22. Då skal de vera mitt folk,og eg skal vera dykkar Gud.

Les hele kapitlet Jeremia 30