Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 30:11-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. For eg er med deg, seier Herren,og vil frelsa deg.Eg gjer ende på alle folkeslagasom eg har spreidd deg imellom,men deg gjer eg ikkje ende på.Eg tuktar deg med retteog lèt deg ikkje sleppa straff.

12. For så seier Herren:Uboteleg er brotet ditt,ulækjande er slaget.

13. Ingen fører saka di.Det finst ikkje lækjemiddelsom får såret ditt til å gro.

14. Alle elskarane dine har gløymt deg,dei spør ikkje lenger etter deg.Som ein fiende har eg slege deg,og nådelaust har eg tukta deg,for skulda di var storog syndene dine mange.

15. Kvifor skrik du om brotet ditt,om di ubotelege smerte?Fordi skulda di er storog syndene dine mange,har eg gjort dette mot deg.

16. Difor skal alle som slukte deg,sjølve bli slukte,alle motstandarane dineskal takast til fange.Og dei som plyndra deg,skal sjølve bli plyndra;alle som rana deg,gjev eg til rov.

17. Eg lèt såra dine groog lækjer slaga du fekk, seier Herren,du som vart kallaHo som er driven bort,Sion, som ingen spør etter.

18. Så seier Herren:Sjå, eg vil venda lagnaden til Jakobs teltog visa miskunn mot hans bustader.Kvar by skal byggjast på sin ruinhaug,kvar borg skal stå på sin rette stad.

Les hele kapitlet Jeremia 30