Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 30:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette ordet kom til Jeremia frå Herren:

2. Så seier Herren, Israels Gud: Skriv opp i ein bokrull alle dei orda eg har tala til deg!

3. For sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg vender lagnaden for mitt folk Israel og Juda, seier Herren, og fører dei heim att til det landet eg gav fedrane deira, så dei kan eiga det.

4. Dette er orda som Herren har tala om Israel og Juda:

5. Så seier Herren:Vi høyrer eit rop av redsle,det er frykt, ingen fred.

6. Berre spør deg føre og sjå!Kan ein mann føda born?Kvifor ser eg då at alle mennheld hendene på hoftenesom fødande kvinner,kvifor er kvart andletvridd og bleikt?

7. Ve! Stor er denne dagen,han har ikkje sin like.Det er ei trengselstid for Jakob,men han skal koma frelst igjennom.

Les hele kapitlet Jeremia 30