Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 3:9-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Med sitt lettsindige horeliv vanhelga ho landet; ho braut ekteskapet med stein og tre.

10. Og trass i alt dette vende den trulause systera Juda ikkje attende til meg av heile sitt hjarte; ho berre lét som ho gjorde det, seier Herren.

11. Herren sa til meg: Den fråfalne Israel er meir rettferdig enn den trulause Juda.

12. Gå og rop ut desse orda mot nord:Vend attende, du fråfalne Israel!seier Herren.Eg er ikkje lenger sint på dykk,for eg er trufast,seier Herren.Eg er ikkje vreid til evig tid.

13. Berre innsjå di skuld.For du har gjort opprør mot Herren din Gud.Du baud deg fram for framandeunder kvart frodig tre.Du høyrde ikkje på mi røyst,seier Herren.

14. Kom tilbake, de bortkomne søner! seier Herren. For eg er herre over dykk. Eg vil ta dykk, éin frå ein by og to frå ei slekt, og føra dykk til Sion.

15. Så gjev eg dykk gjetarar som er etter mitt hjarte, og dei skal gjeta dykk med kunnskap og forstand.

16. I dei dagane, seier Herren, når de blir mange og er fruktbare i landet, skal dei ikkje lenger seia «Herrens paktkiste» og ikkje tenkja på henne. Dei skal ikkje minnast henne eller leita etter henne, og det skal ikkje lagast noka ny.

17. På den tida skal dei kalla Jerusalem for Herrens trone. Der skal alle folkeslag samla seg, i Herrens namn, i Jerusalem. Dei skal ikkje lenger følgja sitt vonde og sjølvrådige hjarte.

18. I dei dagane skal Judas hus gå i lag med Israels hus, og saman skal dei koma frå eit land i nord til det landet eg gav fedrane dykkar til eige.

Les hele kapitlet Jeremia 3