Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 3:18-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. I dei dagane skal Judas hus gå i lag med Israels hus, og saman skal dei koma frå eit land i nord til det landet eg gav fedrane dykkar til eige.

19. Eg sa:Eg vil setja deg mellom sønerog gje deg eit herleg land,den prektigaste arven mellom folkeslaga.Eg tenkte de ville kalla meg farog ikkje venda dykk bort frå meg.

20. Men som ei kvinne er trulaus mot venen sin,slik var de trulause mot meg, Israels hus,seier Herren.

21. Det høyrest rop på dei snaue høgdene,gråt og bøner frå israelittane.For dei har gått krokete vegar,dei har gløymt Herren sin Gud.

22. Kom tilbake, bortkomne søner,så skal eg lækja dykkar fråfall.«Sjå, vi kjem til deg,for du er Herren vår Gud.

23. Sanneleg, løgn er det som kjem frå haugane,larmen frå fjella.Sanneleg, hos Herren vår Guder det frelse for Israel.

Les hele kapitlet Jeremia 3