Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 29:8-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Lat dykk ikkje narra av profetane og spåmennene som er hos dykk, og høyr ikkje på draumane de drøymer!

9. For dei profeterer løgn for dykk i mitt namn. Eg har ikkje sendt dei, seier Herren.

10. Så seier Herren: Når sytti år er gått for Babel, skal eg sjå til dykk. Då skal eg oppfylla min gode lovnad for dykk og føra dykk tilbake til denne staden.

11. For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.

12. Når de kallar på meg og kjem for å be til meg, vil eg høyra på dykk.

13. De skal søkja meg, og de skal finna meg. Når de søkjer meg av eit heilt hjarte,

14. lèt eg dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden for dykk og samla dykk frå alle dei folkeslag og stader som eg har drive dykk bort til, seier Herren. Eg skal føra dykk til den staden eg førte dykk bort frå i eksil.

15. Men de seier: «Herren har reist opp profetar mellom oss i Babel.»

16. Så seier Herren om kongen som sit på Davids trone, og om alt folket som bur i denne byen, brørne dykkar som ikkje gjekk i eksil saman med dykk,

17. så seier Herren over hærskarane: Sjå, eg sender sverd og svolt og pest imot dei og gjer dei lik sprokne fikenar som er så dårlege at dei ikkje kan etast.

18. Eg forfølgjer dei med sverd og svolt og pest og gjer dei til ei redsle for alle rike på jord, til forbanning og gru, spott og vanære mellom alle dei folkeslag eg har drive dei bort til.

19. For dei ville ikkje lyda mine ord, seier Herren, endå eg sende tenarane mine, profetane, til dei seint og tidleg. Men de ville ikkje høyra, seier Herren.

20. Men høyr no Herrens ord, alle de som eg har sendt frå Jerusalem til eksil i Babel!

21. Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud, om Ahab, son til Kolaja, og om Sidkia, son til Maaseja, som profeterer løgn for dykk i mitt namn: Sjå, eg gjev dei over i hendene på Nebukadnesar, kongen av Babel. Han skal drepa dei framfor auga på dykk.

22. Dei skal bli brukte som forbanning mellom alle frå Juda som er i eksil i Babel: «Måtte Herren gjera deg lik Sidkia og Ahab, som kongen av Babel steikte på bålet!»

23. For dei gjorde skammelege gjerningar i Israel, braut ekteskapet med konene til kvarandre og tala usanne ord i mitt namn. Det hadde eg ikkje pålagt dei. Eg er han som veit det og kan vitna om det, seier Herren.

24. Til Sjemaja frå Nehlam skal du seia:

Les hele kapitlet Jeremia 29