Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 28:7-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Høyr berre dette ordet som eg seier medan du og heile folket høyrer på:

8. Dei profetane som var i gamle dagar, før deg og meg, profeterte krig og ulukke og pest for mektige land og store rike.

9. Når ein profet profeterer fred, må ordet til profeten gå i oppfylling for at ein skal vita at han verkeleg er ein profet send av Herren.»

10. Då tok profeten Hananja åket av nakken på profeten Jeremia og braut det sund.

11. Og framfor auga på alt folket sa Hananja: «Så seier Herren: Slik vil eg, før to år er gått, bryta åket til kong Nebukadnesar av Babel, det som ligg over nakken på alle folkeslag.» Då gjekk profeten Jeremia sin veg.

12. Men etter at profeten Hananja hadde teke åket av nakken på profeten Jeremia og brote det sund, kom Herrens ord til Jeremia:

Les hele kapitlet Jeremia 28