Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 26:9-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Kvifor har du profetert i Herrens namn og sagt: Det skal gå med dette huset som med Sjilo, og denne byen skal leggjast i ruin så ingen kan bu her?» Og alt folket samla seg ikring Jeremia i Herrens hus.

10. Då leiarane i Juda fekk høyra om dette, kom dei opp frå kongens slott til Herrens hus og sette seg attmed inngangen til den nye porten.

11. Prestane og profetane sa til leiarane og til alt folket: «Denne mannen må dømmast til døden, for han har profetert mot byen vår, slik de har høyrt det med eigne øyre.»

12. Men Jeremia sa til alle leiarane og til alt folket: «Herren har sendt meg for å profetera mot dette huset og denne byen med alle dei ord de har høyrt.

13. Og no, gjer vegane og gjerningane dykkar gode og lyd Herren dykkar Gud. Då vil Herren angra det vonde han har truga dykk med.

14. Men eg, sjå, eg er i dykkar hender. Gjer med meg slik det er rett og godt i dykkar auge.

15. Men det skal de vita at om de drep meg, fører de uskuldig blod både over dykk sjølve og over denne byen og dei som bur der. For Herren har sanneleg sendt meg til dykk så eg skulle seia alle desse orda medan de høyrde på.»

16. Då sa leiarane og alt folket til prestane og profetane: «Denne mannen må ikkje dømmast til døden, for han har tala til oss i Herren vår Guds namn.»

17. Og nokre av dei eldste i landet stod opp og sa til alt folket som var samla:

18. «Mika frå Moresjet, som profeterte i dei dagane då Hiskia var konge i Juda, sa til alt folket i Juda: Så seier Herren over hærskarane:Sion skal pløyast til åker,Jerusalem skal bli til ruinog tempelberget til haugar dekte av skog.

Les hele kapitlet Jeremia 26