Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 26:5-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. og høyra på orda til tenarane mine, profetane som eg har sendt dykk seint og tidleg, endå de ikkje vil høyra,

6. så skal eg gjera med dette huset som med Sjilo, og denne byen skal eg gjera til forbanning for alle folkeslag på jord.

7. Prestane og profetane og alt folket høyrde Jeremia seia desse orda i Herrens hus.

8. Og då Jeremia hadde sagt til folket alt det Herren hadde påbode han å seia, greip prestane og profetane og alt folket han og sa: «Du skal døy!

9. Kvifor har du profetert i Herrens namn og sagt: Det skal gå med dette huset som med Sjilo, og denne byen skal leggjast i ruin så ingen kan bu her?» Og alt folket samla seg ikring Jeremia i Herrens hus.

10. Då leiarane i Juda fekk høyra om dette, kom dei opp frå kongens slott til Herrens hus og sette seg attmed inngangen til den nye porten.

11. Prestane og profetane sa til leiarane og til alt folket: «Denne mannen må dømmast til døden, for han har profetert mot byen vår, slik de har høyrt det med eigne øyre.»

12. Men Jeremia sa til alle leiarane og til alt folket: «Herren har sendt meg for å profetera mot dette huset og denne byen med alle dei ord de har høyrt.

13. Og no, gjer vegane og gjerningane dykkar gode og lyd Herren dykkar Gud. Då vil Herren angra det vonde han har truga dykk med.

14. Men eg, sjå, eg er i dykkar hender. Gjer med meg slik det er rett og godt i dykkar auge.

Les hele kapitlet Jeremia 26