Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 26:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I byrjinga av regjeringstida til Juda-kongen Jojakim, son til Josjia, kom dette ordet frå Herren:

2. Så seier Herren: Still deg i føregarden til Herrens hus og tal til alle byane i Juda som kjem for å tilbe i Herrens hus. Du skal seia alle dei orda eg byd deg å seia til dei, og ikkje trekkja frå eit einaste ord!

3. Kanskje dei då ville høyra og venda om frå sine vonde vegar. Då vil eg angra det vonde som eg hadde tenkt å gjera mot dei på grunn av dei vonde gjerningane deira.

4. Du skal seia til dei: Så seier Herren: Dersom de ikkje vil lyda meg og følgja den lova eg har lagt fram for dykk,

5. og høyra på orda til tenarane mine, profetane som eg har sendt dykk seint og tidleg, endå de ikkje vil høyra,

6. så skal eg gjera med dette huset som med Sjilo, og denne byen skal eg gjera til forbanning for alle folkeslag på jord.

7. Prestane og profetane og alt folket høyrde Jeremia seia desse orda i Herrens hus.

8. Og då Jeremia hadde sagt til folket alt det Herren hadde påbode han å seia, greip prestane og profetane og alt folket han og sa: «Du skal døy!

Les hele kapitlet Jeremia 26