Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 25:4-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Seint og tidleg sende Herren alle sine tenarar, profetane, til dykk, men de ville ikkje høyra. De vende ikkje øyra til for å høyra når

5. dei sa: Vend om, kvar frå sin vonde veg og sine vonde gjerningar, så skal de til alle tider få bu på den jord som Herren gav dykk og fedrane dykkar.

6. De skal ikkje følgja andre gudar, ikkje tena dei og ikkje tilbe dei. De skal ikkje gjera meg rasande med det dykkar eigne hender har laga. Då skal eg ikkje skada dykk.

7. Men de ville ikkje høyra på meg, seier Herren. De gjorde meg rasande med det dykkar eigne hender har laga, til skade for dykk sjølve.

8. Difor seier Herren over hærskarane: Fordi de ikkje høyrde på mine ord,

9. sender eg no bod og hentar alle slektene i nord, seier Herren, og kong Nebukadnesar av Babel, tenaren min. Eg lèt dei koma over dette landet og alle som bur i det, og over alle folkeslaga ikring. Eg slår dei med bann og utslettar dei, eg legg dei aude, gjer dei til spott og til evige ruinar.

10. Hos dei gjer eg ende på lyden av jubel og glede, røysta til brudgom og brur, lyden av handkvern og lyset frå lamper.

11. Heile dette landet skal bli til ruin og ørken, og desse folkeslaga skal gjera slavearbeid for kongen av Babel i sytti år.

Les hele kapitlet Jeremia 25