Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 25:34-38 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

34. Klag og skrik, de gjetarar,velt dykk i støvet,de herrar over flokken!For no er tida komen då de skal slaktast.De skal spreiastog falla som kostesame kar.

35. Gjetarane klarer ikkje å flykta,det er inga bergingfor dei som er herrar over flokken.

36. Høyr korleis gjetarane skrikog herrane over flokken klagar!For Herren herjar beita deira,

37. fredelege beitemarker ligg audefordi Herren er brennande vreid.

38. Som ungløva har han forlate si gøymsle.For landet dykkar blir lagt audtav det herjande sverdetog av hans brennande vreide.

Les hele kapitlet Jeremia 25