Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 25:31-38 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

31. Lyden når til enden av jorda.For Herren fører sak mot folka,alt som lever, stemner han for retten,dei lovlause gjev han over til sverdet,seier Herren.

32. Så seier Herren over hærskarane:Ei ulukke skal spreia segfrå folkeslag til folkeslag.Ein sterk storm bryt lausfrå ytste enden av jorda.

33. Den dagen skal det liggja menneske som Herren har drepe, frå den eine enden av jorda og til den andre. Dei får inga sørgjehøgtid, dei skal ikkje bli samla eller gravlagde, dei skal bli til gjødsel på jorda.

34. Klag og skrik, de gjetarar,velt dykk i støvet,de herrar over flokken!For no er tida komen då de skal slaktast.De skal spreiastog falla som kostesame kar.

35. Gjetarane klarer ikkje å flykta,det er inga bergingfor dei som er herrar over flokken.

36. Høyr korleis gjetarane skrikog herrane over flokken klagar!For Herren herjar beita deira,

37. fredelege beitemarker ligg audefordi Herren er brennande vreid.

38. Som ungløva har han forlate si gøymsle.For landet dykkar blir lagt audtav det herjande sverdetog av hans brennande vreide.

Les hele kapitlet Jeremia 25