Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 25:15-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Dette sa Herren, Israels Gud, til meg: Ta dette begeret med vreidevin frå mi hand og skjenk av det til dei folkeslaga eg sender deg til.

16. Dei skal drikka og raga og rasa fordi eg sender sverd mellom dei.

17. Då tok eg begeret frå Herrens hand og skjenkte til alle folkeslaga han sende meg til:

18. Jerusalem og byane i Juda, kongane og stormennene der, så dei skulle bli til ruin og øydemark, til spott og forbanning, slik det er i dag;

19. farao, kongen i Egypt, tenarane og stormennene hans og heile folket hans,

20. og alt blandingsfolket; alle kongane i Us, alle kongane i filistarlandet, Asjkalon, Gaza, Ekron og dei som er att i Asjdod;

21. Edom, Moab og Ammon,

22. alle kongane i Tyros og Sidon og kongane frå fjerne kystar på andre sida av havet;

23. Dedan, Tema og Bus og alle som har kortklipt hår ved tinningen;

24. alle arabarkongane og alle kongane over blandingsfolka som bur i ørkenen;

25. alle kongane i Simri, Elam og Media;

26. alle kongane i nord, både nære og fjerne, den eine etter den andre, ja, alle kongerika som finst utover jorda. Til sist skal òg kongen i Sjesjak drikka.

27. Du skal seia til dei: Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Drikk til de blir fulle og spyr! De skal falla for sverdet eg sender imellom dykk og ikkje reisa dykk att.

Les hele kapitlet Jeremia 25