Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 25:10-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Hos dei gjer eg ende på lyden av jubel og glede, røysta til brudgom og brur, lyden av handkvern og lyset frå lamper.

11. Heile dette landet skal bli til ruin og ørken, og desse folkeslaga skal gjera slavearbeid for kongen av Babel i sytti år.

12. Så, når sytti år er gått, vil eg straffa kongen av Babel og heile folket der for deira synd, seier Herren, og eg vil straffa kaldearlandet; eg gjer det til ein ørken for alltid.

13. Alt eg har sagt om dette landet, lèt eg koma over det, alt som er skrive i denne boka, og som Jeremia har forkynt mot alle folkeslaga,

14. for dei òg må gjera slavearbeid for mektige folkeslag og store kongar. Slik løner eg dei for gjerningane deira og for deira henders verk.

15. Dette sa Herren, Israels Gud, til meg: Ta dette begeret med vreidevin frå mi hand og skjenk av det til dei folkeslaga eg sender deg til.

16. Dei skal drikka og raga og rasa fordi eg sender sverd mellom dei.

17. Då tok eg begeret frå Herrens hand og skjenkte til alle folkeslaga han sende meg til:

18. Jerusalem og byane i Juda, kongane og stormennene der, så dei skulle bli til ruin og øydemark, til spott og forbanning, slik det er i dag;

19. farao, kongen i Egypt, tenarane og stormennene hans og heile folket hans,

20. og alt blandingsfolket; alle kongane i Us, alle kongane i filistarlandet, Asjkalon, Gaza, Ekron og dei som er att i Asjdod;

21. Edom, Moab og Ammon,

22. alle kongane i Tyros og Sidon og kongane frå fjerne kystar på andre sida av havet;

23. Dedan, Tema og Bus og alle som har kortklipt hår ved tinningen;

24. alle arabarkongane og alle kongane over blandingsfolka som bur i ørkenen;

Les hele kapitlet Jeremia 25