Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 25:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette ordet kom til Jeremia om heile folket i Juda i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, det vil seia det første året Nebukadnesar var konge i Babel,

2. og profeten Jeremia sa det til heile folket i Juda og alle som budde i Jerusalem:

3. Frå det trettande året Josjia, son til Amon, var konge i Juda og til denne dag, i tjuetre år, har Herrens ord kome til meg. Seint og tidleg har eg tala til dykk, men de ville ikkje høyra.

4. Seint og tidleg sende Herren alle sine tenarar, profetane, til dykk, men de ville ikkje høyra. De vende ikkje øyra til for å høyra når

5. dei sa: Vend om, kvar frå sin vonde veg og sine vonde gjerningar, så skal de til alle tider få bu på den jord som Herren gav dykk og fedrane dykkar.

6. De skal ikkje følgja andre gudar, ikkje tena dei og ikkje tilbe dei. De skal ikkje gjera meg rasande med det dykkar eigne hender har laga. Då skal eg ikkje skada dykk.

7. Men de ville ikkje høyra på meg, seier Herren. De gjorde meg rasande med det dykkar eigne hender har laga, til skade for dykk sjølve.

Les hele kapitlet Jeremia 25