Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 24:4-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Då kom Herrens ord til meg:

5. Så seier Herren, Israels Gud: Slik du ser på desse gode fikenane, ser eg med godvilje på judearane i eksil, dei som eg sende frå denne staden til kaldearlandet.

6. Når eg vender auga mot dei til det gode, fører eg dei tilbake til dette landet. Eg skal byggja dei opp og ikkje knusa, planta dei og ikkje rykkja opp.

7. Eg gjev dei eit hjarte til å kjenna meg, for eg er Herren. Dei skal vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud når dei vender om til meg av heile sitt hjarte.

8. Men slik ein gjer med dårlege fikenar, så dårlege at dei ikkje kan etast, seier Herren, slik vil eg gjera med Juda-kongen Sidkia og stormennene hans og resten av Jerusalem, både dei som er att her i landet, og dei som no bur i Egypt.

9. Eg gjer dei til ei redsle og ei ulukke for alle rike på jord, til ei vanære og eit ordtak, til eit spottord og ei forbanning på alle dei stader eg driv dei bort til.

10. Eg sender sverd og svolt og pest mot dei til dei blir utrydda frå den jorda eg gav dei og fedrane deira.

Les hele kapitlet Jeremia 24