Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 24:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren synte meg: Sjå, to korger med fiken var stilte opp framfor Herrens tempel. Det var etter at kong Nebukadnesar av Babel hadde drive Juda-kongen Jekonja, son til Jojakim, i eksil frå Jerusalem saman med stormennene i Juda, handverkarane og smedane, og ført dei til Babel.

2. I den eine korga var det fikenar av beste slag, like gode som forsommarfikenar. I den andre korga var det fikenar av dårlegaste slag, så dårlege at dei ikkje kunne etast.

3. Herren sa til meg: «Kva ser du, Jeremia?» Eg svara: «Fikenar. Dei gode fikenane er av beste slag, og dei dårlege er av dårlegaste slag, så dårlege at dei ikkje kan etast.»

4. Då kom Herrens ord til meg:

5. Så seier Herren, Israels Gud: Slik du ser på desse gode fikenane, ser eg med godvilje på judearane i eksil, dei som eg sende frå denne staden til kaldearlandet.

6. Når eg vender auga mot dei til det gode, fører eg dei tilbake til dette landet. Eg skal byggja dei opp og ikkje knusa, planta dei og ikkje rykkja opp.

Les hele kapitlet Jeremia 24