Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 23:6-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. I hans dagar skal Juda bli frelstog Israel bu trygt.Og dette er namnet han skal få: Herren, vår rettferd.

7. Difor, sjå, dagar skal koma, seier Herren, då dei ikkje lenger skal seia: «Så sant Herren lever, han som førte israelittane opp frå Egypt»,

8. men: «Så sant Herren lever, han som førte Israels hus og ætt heim frå landet i nord» – og frå alle dei landa eg hadde drive dei bort til, så dei kan få bu på eiga jord.

9. Om profetane.Hjartet i mitt indre er brote sund,alle knoklane skjelv.Eg har vorte som ein drukken,ein som vinen har fått makta over,på grunn av Herrenog hans heilage ord.

10. Landet er fullt av ekteskapsbrytarar.Landet sørgjer fordi det er forbanna,ørkenbeita tørkar bort.Folk spring etter det som er vondt,og har sin styrke i urett.

11. Både profet og prest er ugudelege,endå i huset mitt har eg funne vondskapen deira,seier Herren.

12. Difor skal vegen dei går på, bli glatt.Dei blir støytte ut i mørkret og fell.For eg fører ulukke over deii rekneskapens år,seier Herren.

13. Hos profetane i Samariahar eg sett fråstøytande ting.Dei profeterte ved Baalog førte Israel, mitt folk, vill.

14. Hos profetane i Jerusalemhar eg sett grufulle ting.Dei bryt ekteskapet og fer med løgn,dei styrkjer hendene til ugjerningsmennså ingen vil venda om frå sin vondskap.For meg har dei alle vorte som Sodoma,dei som bur der, har vorte som Gomorra.

15. Difor seier Herren over hærskarane om profetane:Sjå, eg gjev dei malurt å etaog giftig vatn å drikka.For frå profetane i Jerusalemhar gudløysa gått ut til heile landet.

16. Så seier Herren over hærskarane:Høyr ikkje på orda til dei profetanesom profeterer for dykk!Dei gjer dykk tomme,dei fortel om syn frå eige hjarteog ikkje frå Herrens munn.

17. Dei seier til dei som foraktar meg:«Herren seier: De skal ha fred»,og til alle som følgjer sitt eigenrådige hjarte:«Ikkje noko vondt skal koma over dykk.»

18. Men kven har vore med i Herrens rådog sett og høyrt hans ord?Kven lytta til hans ord og lydde det?

19. Sjå, Herrens storm, hans harme, bryt ut!Stormen kvervlar over hovuda på dei urettferdige.

20. Herrens vreide legg seg ikkjefør han har sett i verk og fullførtplanane i sitt hjarte.I dagar som kjem,skal de forstå fullt ut.

Les hele kapitlet Jeremia 23