Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 23:34-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

34. Om presten, profeten eller folket seier «den tunge bodskapen frå Herren», då krev eg den mannen og huset hans til rekneskap.

35. Slik skal de seia, kvar til sin neste og sin bror: «Kva svarar Herren?» eller «Kva seier Herren?»

36. Men «den tunge bodskapen frå Herren» skal de aldri nemna meir, for det ordet blir ei tung bør for den som seier det. Då forvrengjer de ordet frå den levande Gud, Herren over hærskarane, vår Gud.

37. Dette skal du seia til profeten: «Kva svarar Herren deg?» eller «Kva seier Herren?»

38. Men om de seier «den tunge bodskapen frå Herren», seier Herren: De bruker seiemåten «den tunge bodskapen frå Herren» endå eg har sendt bod og sagt at de ikkje må tala slik.

39. Sjå, difor lyfter eg dykk opp og kastar dykk frå meg, både dykk og den byen eg gav dykk og fedrane dykkar.

40. Eg legg på dykk evig spott og evig vanære som aldri skal gløymast.

Les hele kapitlet Jeremia 23