Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 23:32-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

32. Sjå, eg kjem over dei som profeterer løgndraumar, seier Herren. Dei fortel dei og fører folket mitt vill med løgner og skryt. Eg har ikkje sendt dei eller gjeve dei noko påbod, og dei er ikkje til noka hjelp for dette folket, seier Herren.

33. Når dette folket eller ein profet eller ein prest spør deg: «Kva er den tunge bodskapen frå Herren?» skal du svara dei: «Kva den tunge børa er? Det er de, eg skal kasta dykk av!» seier Herren.

34. Om presten, profeten eller folket seier «den tunge bodskapen frå Herren», då krev eg den mannen og huset hans til rekneskap.

35. Slik skal de seia, kvar til sin neste og sin bror: «Kva svarar Herren?» eller «Kva seier Herren?»

36. Men «den tunge bodskapen frå Herren» skal de aldri nemna meir, for det ordet blir ei tung bør for den som seier det. Då forvrengjer de ordet frå den levande Gud, Herren over hærskarane, vår Gud.

37. Dette skal du seia til profeten: «Kva svarar Herren deg?» eller «Kva seier Herren?»

38. Men om de seier «den tunge bodskapen frå Herren», seier Herren: De bruker seiemåten «den tunge bodskapen frå Herren» endå eg har sendt bod og sagt at de ikkje må tala slik.

39. Sjå, difor lyfter eg dykk opp og kastar dykk frå meg, både dykk og den byen eg gav dykk og fedrane dykkar.

40. Eg legg på dykk evig spott og evig vanære som aldri skal gløymast.

Les hele kapitlet Jeremia 23