Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 23:3-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Så skal eg samla resten av sauene mine frå alle dei land eg har drive dei bort til, og føra dei tilbake til deira eigne beitemarker, og der skal dei vera fruktbare og bli mange.

4. Då skal eg reisa opp nye gjetarar til å gjeta dei. Dei skal ikkje lenger vera redde, ikkje skjelva, ikkje bli borte, seier Herren.

5. Sjå, dagar skal koma, seier Herren,då eg skal reisa opp ei rettferdig spire for David.Kongen skal styra med visdomog gjera det som er rett og rettferdig i landet.

6. I hans dagar skal Juda bli frelstog Israel bu trygt.Og dette er namnet han skal få: Herren, vår rettferd.

7. Difor, sjå, dagar skal koma, seier Herren, då dei ikkje lenger skal seia: «Så sant Herren lever, han som førte israelittane opp frå Egypt»,

8. men: «Så sant Herren lever, han som førte Israels hus og ætt heim frå landet i nord» – og frå alle dei landa eg hadde drive dei bort til, så dei kan få bu på eiga jord.

9. Om profetane.Hjartet i mitt indre er brote sund,alle knoklane skjelv.Eg har vorte som ein drukken,ein som vinen har fått makta over,på grunn av Herrenog hans heilage ord.

10. Landet er fullt av ekteskapsbrytarar.Landet sørgjer fordi det er forbanna,ørkenbeita tørkar bort.Folk spring etter det som er vondt,og har sin styrke i urett.

Les hele kapitlet Jeremia 23