Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 23:24-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. Kan nokon gøyma seg på hemmelege staderså eg ikkje ser han? seier Herren.Fyller ikkje eg både himmel og jord?seier Herren.

25. Eg har høyrt kva dei seier, dei profetane som profeterer løgn i mitt namn: «Eg har drøymt, eg har drøymt.»

26. Kor lenge har profetane tenkt å profetera løgn, svik frå sitt eige hjarte?

27. Med draumane som dei fortel kvarandre, har dei tenkt å få folket mitt til å gløyma mitt namn, slik fedrane deira gløymde mitt namn for Baal.

28. Den profeten som har ein draum, skal fortelja draumen, men den som har mitt ord, skal tala mitt ord i sanning.Kva har halmen til felles med kornet?seier Herren.

29. Er ikkje mitt ord lik ein eld, seier Herren,lik ei sleggje som knuser berg?

30. Difor, sjå, eg kjem over profetane, seier Herren, dei som stel orda mine frå kvarandre.

31. Sjå, eg kjem over profetane, seier Herren, dei som får tunga på glid og forkynner profetord.

32. Sjå, eg kjem over dei som profeterer løgndraumar, seier Herren. Dei fortel dei og fører folket mitt vill med løgner og skryt. Eg har ikkje sendt dei eller gjeve dei noko påbod, og dei er ikkje til noka hjelp for dette folket, seier Herren.

33. Når dette folket eller ein profet eller ein prest spør deg: «Kva er den tunge bodskapen frå Herren?» skal du svara dei: «Kva den tunge børa er? Det er de, eg skal kasta dykk av!» seier Herren.

34. Om presten, profeten eller folket seier «den tunge bodskapen frå Herren», då krev eg den mannen og huset hans til rekneskap.

35. Slik skal de seia, kvar til sin neste og sin bror: «Kva svarar Herren?» eller «Kva seier Herren?»

36. Men «den tunge bodskapen frå Herren» skal de aldri nemna meir, for det ordet blir ei tung bør for den som seier det. Då forvrengjer de ordet frå den levande Gud, Herren over hærskarane, vår Gud.

37. Dette skal du seia til profeten: «Kva svarar Herren deg?» eller «Kva seier Herren?»

38. Men om de seier «den tunge bodskapen frå Herren», seier Herren: De bruker seiemåten «den tunge bodskapen frå Herren» endå eg har sendt bod og sagt at de ikkje må tala slik.

39. Sjå, difor lyfter eg dykk opp og kastar dykk frå meg, både dykk og den byen eg gav dykk og fedrane dykkar.

40. Eg legg på dykk evig spott og evig vanære som aldri skal gløymast.

Les hele kapitlet Jeremia 23