Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 23:13-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Hos profetane i Samariahar eg sett fråstøytande ting.Dei profeterte ved Baalog førte Israel, mitt folk, vill.

14. Hos profetane i Jerusalemhar eg sett grufulle ting.Dei bryt ekteskapet og fer med løgn,dei styrkjer hendene til ugjerningsmennså ingen vil venda om frå sin vondskap.For meg har dei alle vorte som Sodoma,dei som bur der, har vorte som Gomorra.

15. Difor seier Herren over hærskarane om profetane:Sjå, eg gjev dei malurt å etaog giftig vatn å drikka.For frå profetane i Jerusalemhar gudløysa gått ut til heile landet.

16. Så seier Herren over hærskarane:Høyr ikkje på orda til dei profetanesom profeterer for dykk!Dei gjer dykk tomme,dei fortel om syn frå eige hjarteog ikkje frå Herrens munn.

17. Dei seier til dei som foraktar meg:«Herren seier: De skal ha fred»,og til alle som følgjer sitt eigenrådige hjarte:«Ikkje noko vondt skal koma over dykk.»

18. Men kven har vore med i Herrens rådog sett og høyrt hans ord?Kven lytta til hans ord og lydde det?

19. Sjå, Herrens storm, hans harme, bryt ut!Stormen kvervlar over hovuda på dei urettferdige.

20. Herrens vreide legg seg ikkjefør han har sett i verk og fullførtplanane i sitt hjarte.I dagar som kjem,skal de forstå fullt ut.

21. Eg har ikkje sendt profetane,men dei spring,eg har ikkje tala til dei,men dei profeterer.

22. Om dei hadde vore med i mitt råd,kunne dei ha late folket mitt få høyra mine ordog fått dei til å venda omfrå sine vonde vegar og gjerningar.

23. Er eg ein gud som er nær, seier Herren,og ikkje ein gud langt borte?

24. Kan nokon gøyma seg på hemmelege staderså eg ikkje ser han? seier Herren.Fyller ikkje eg både himmel og jord?seier Herren.

25. Eg har høyrt kva dei seier, dei profetane som profeterer løgn i mitt namn: «Eg har drøymt, eg har drøymt.»

26. Kor lenge har profetane tenkt å profetera løgn, svik frå sitt eige hjarte?

27. Med draumane som dei fortel kvarandre, har dei tenkt å få folket mitt til å gløyma mitt namn, slik fedrane deira gløymde mitt namn for Baal.

28. Den profeten som har ein draum, skal fortelja draumen, men den som har mitt ord, skal tala mitt ord i sanning.Kva har halmen til felles med kornet?seier Herren.

29. Er ikkje mitt ord lik ein eld, seier Herren,lik ei sleggje som knuser berg?

30. Difor, sjå, eg kjem over profetane, seier Herren, dei som stel orda mine frå kvarandre.

31. Sjå, eg kjem over profetane, seier Herren, dei som får tunga på glid og forkynner profetord.

32. Sjå, eg kjem over dei som profeterer løgndraumar, seier Herren. Dei fortel dei og fører folket mitt vill med løgner og skryt. Eg har ikkje sendt dei eller gjeve dei noko påbod, og dei er ikkje til noka hjelp for dette folket, seier Herren.

Les hele kapitlet Jeremia 23