Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 23:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ve dei gjetarane som leier vill og spreier sauene eg har på beite, seier Herren.

2. Difor seier Herren, Israels Gud, om dei gjetarane som gjeter folket mitt: De har spreidd sauene mine og drive dei bort, de har ikkje teke dykk av dei. No skal eg ta meg av dykk og straffa dykk for det vonde de har gjort, seier Herren.

3. Så skal eg samla resten av sauene mine frå alle dei land eg har drive dei bort til, og føra dei tilbake til deira eigne beitemarker, og der skal dei vera fruktbare og bli mange.

4. Då skal eg reisa opp nye gjetarar til å gjeta dei. Dei skal ikkje lenger vera redde, ikkje skjelva, ikkje bli borte, seier Herren.

5. Sjå, dagar skal koma, seier Herren,då eg skal reisa opp ei rettferdig spire for David.Kongen skal styra med visdomog gjera det som er rett og rettferdig i landet.

Les hele kapitlet Jeremia 23