Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 22:15-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Blir du konge av å vera besttil å byggja med sedertre?Far din åt og drakkog gjorde det som er rett og rettferdig,og då gjekk det han godt.

16. Han felte rett domfor hjelpelause og fattige,og det gjekk han godt.Det er å kjenna meg,seier Herren.

17. Men du har ikkje auge og hjartefor anna enn urett vinning,for å ausa ut uskuldig blod,for å undertrykkja og mishandla.

18. Difor seier Herren om kong Jojakim av Juda, son til Josjia:Ingen held sørgjehøgtid over han og ropar:«Å ve, min bror! Å ve, mi syster!»Ingen held sørgjehøgtid og ropar:«Å ve, herre! Å ve, majestet!»

19. Han får gravferd som eit esel,han skal slepast og slengjast bortutanfor Jerusalems portar.

20. Gå opp på Libanon og skrik ut,rop høgt i Basan,skrik ut frå Abarim-fjella,for alle elskarane dine er knuste.

21. Eg tala til deg då alt gjekk godt,men du sa: «Eg vil ikkje høyra.»Det var din veg frå ungdomen av,for du ville ikkje høyra på mi røyst.

22. Vinden skal gjeta alle gjetarane dine,elskarane dine skal førast bort som fangar.Då får du skam og vanære attfor alt det vonde du har gjort.

23. Du som bur på Libanonog har bygd reir i sedertrea,kor du stønnar når smertene kjem over deg,rier som hos ei fødande kvinne!

24. Så sant eg lever, seier Herren: Sjølv om du, kong Konja av Juda, son til Jojakim, var ein signetring på mi høgre hand, ville eg riva deg av.

25. Eg gjev deg i hendene på dei som står deg etter livet, og som du er redd, kong Nebukadnesar av Babel og kaldearane.

26. Eg kastar både deg og mor di som fødde deg, bort til eit anna land der de ikkje vart fødde, og der skal de døy.

27. Men det landet som dei lengtar etter, skal dei aldri meir koma tilbake til.

28. Er då denne Konjaeit vanvørdt kar som skal knusast,ein reiskap som ingen bryr seg om?Kvifor er han og hans ætt kasta ut,slengde bort til landet dei ikkje kjenner?

Les hele kapitlet Jeremia 22