Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 22:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette sa Herren: Gå ned til Juda-kongens hus. Der skal du tala dette ordet. Du skal seia:

2. Høyr Herrens ord, du Juda-konge som sit på Davids trone, både du og tenarane dine og folket ditt, alle de som går inn gjennom desse portane.

3. Så seier Herren: Gjer det som er rett og rettferdig! Berg den som er rana, frå undertrykkjarens hand! Ver ikkje harde og bruk ikkje vald mot innflyttarar, farlause og enkjer. De skal ikkje ausa ut uskuldig blod på denne staden.

4. Så sant de lever etter dette ordet, skal kongar som sit på Davids kongsstol og køyrer med vogner og hestar, koma inn gjennom portane til dette huset, både dei og tenarane deira og folket deira.

5. Men vil de ikkje lyda desse orda, det sver eg ved meg sjølv, seier Herren, skal huset leggjast i ruinar.

6. For så seier Herren om kongehuset i Juda:Du var eit Gilead for meg,du var toppen av Libanon.Men eg skal gjera deg til ørken,til byar der ingen bur.

7. Eg helgar dei som skal øydeleggja deg,kvar med sitt våpen.Dei skal fella dine finaste sedrarog kasta dei på elden.

8. Mange folkeslag skal dra forbi byen, og dei skal spørja kvarandre: «Kvifor har Herren gjort dette med denne store byen?»

9. Og dei skal få til svar: «Fordi dei vende seg frå pakta med Herren sin Gud, tilbad andre gudar og tente dei.»

Les hele kapitlet Jeremia 22