Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 20:5-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Og eg vil gje all rikdom i denne byen i hendene på fiendane deira, alt dei har streva for, alle kostesame eigneluter og alle skattane til Juda-kongane, dei skal røva dei, ta dei med seg og føra dei til Babel.

6. Du, Pasjhur, og alle som bur i ditt hus, skal gå i fangenskap og koma til Babel, og der skal du døy, og der skal du gravleggjast, både du og alle venene dine som du har profetert løgn for.

7. Du lokka meg, Herre,og eg lét meg lokka.Du vart for sterk for meg og vann.Eg er til latter heile dagen,alle spottar meg.

8. Kvar gong eg snakkar, må eg skrika.«Vald og ran!» ropar eg.For Herrens ord har dagen langvorte meg til spott og skam.

Les hele kapitlet Jeremia 20