Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 20:5-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Og eg vil gje all rikdom i denne byen i hendene på fiendane deira, alt dei har streva for, alle kostesame eigneluter og alle skattane til Juda-kongane, dei skal røva dei, ta dei med seg og føra dei til Babel.

6. Du, Pasjhur, og alle som bur i ditt hus, skal gå i fangenskap og koma til Babel, og der skal du døy, og der skal du gravleggjast, både du og alle venene dine som du har profetert løgn for.

7. Du lokka meg, Herre,og eg lét meg lokka.Du vart for sterk for meg og vann.Eg er til latter heile dagen,alle spottar meg.

8. Kvar gong eg snakkar, må eg skrika.«Vald og ran!» ropar eg.For Herrens ord har dagen langvorte meg til spott og skam.

9. Eg sa: «Eg vil ikkje tenkja på hanog aldri meir tala i hans namn.»Då var det som om det brann ein eld i mitt hjarte.Han var innestengd i knoklane mine.Eg streva for å stå imot,men eg greidde det ikkje.

10. For eg høyrer mange som kviskrar:«Redsle på alle kantar!Meld han! Vi skal melda han!»Kvart menneske eg hadde fred med,ventar på at eg skal falla:«Kanskje lèt han seg lokka,så vi vinn og kan hemna oss på han.»

11. Men Herren er med meglik ein veldig krigar.Difor skal dei som forfølgjer meg,snubla og ikkje vinna.Dei skal bli heilt til skamme,for dei mislukkast,ei evig vanære som aldri blir gløymd.

Les hele kapitlet Jeremia 20