Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 20:2-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. slo han profeten Jeremia og sette han i gapestokken ved den øvre Benjamin-porten, som fører inn til Herrens hus.

3. Dagen etter sleppte Pasjhur Jeremia laus frå gapestokken. Då sa Jeremia til han: Herren kallar deg ikkje Pasjhur, men «Redsle på alle kantar».

4. For så seier Herren: Sjå, eg gjer deg til ei redsle for deg sjølv og for alle venene dine. Dei skal falla for sine fiendars sverd, og auga dine skal sjå det. Og heile Juda vil eg gje over i hendene på kongen av Babel. Han skal føra dei til eksil i Babel og hogga dei ned med sverd.

5. Og eg vil gje all rikdom i denne byen i hendene på fiendane deira, alt dei har streva for, alle kostesame eigneluter og alle skattane til Juda-kongane, dei skal røva dei, ta dei med seg og føra dei til Babel.

6. Du, Pasjhur, og alle som bur i ditt hus, skal gå i fangenskap og koma til Babel, og der skal du døy, og der skal du gravleggjast, både du og alle venene dine som du har profetert løgn for.

7. Du lokka meg, Herre,og eg lét meg lokka.Du vart for sterk for meg og vann.Eg er til latter heile dagen,alle spottar meg.

8. Kvar gong eg snakkar, må eg skrika.«Vald og ran!» ropar eg.For Herrens ord har dagen langvorte meg til spott og skam.

Les hele kapitlet Jeremia 20