Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 20:10-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. For eg høyrer mange som kviskrar:«Redsle på alle kantar!Meld han! Vi skal melda han!»Kvart menneske eg hadde fred med,ventar på at eg skal falla:«Kanskje lèt han seg lokka,så vi vinn og kan hemna oss på han.»

11. Men Herren er med meglik ein veldig krigar.Difor skal dei som forfølgjer meg,snubla og ikkje vinna.Dei skal bli heilt til skamme,for dei mislukkast,ei evig vanære som aldri blir gløymd.

12. Herre over hærskarane,du som prøver den rettferdige,som ser nyrer og hjarte,lat meg få sjå at du tek hemn over dei,for eg har lagt mi sak fram for deg.

13. Syng for Herren, lovpris Herren,for han bergar livet til den fattigefrå valdsmannens hand.

14. Forbanna er den dagendå eg vart fødd!Den dagen mor mi fødde meg,skal ikkje vera velsigna!

15. Forbanna er den mannensom kom til far min med nyhendet:«Det er fødd deg eit barn, ein gut»og gjorde han storleg glad.

16. Lat den mannen bli som dei byane Herren øydela utan medynk!Lat han høyra skrik om morgonenog hærrop midt på dagen

17. fordi han ikkje drap meg i mors liv,så mor mi kunne bli mi gravog alltid gå med barn.

18. Kvifor kom eg ut av mors livfor å sjå møde og sorgog enda mine dagar i skam?

Les hele kapitlet Jeremia 20