Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 20:1-3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då presten Pasjhur, Immers son, som var øvste tilsynsmann i Herrens hus, høyrde Jeremia tala desse profetiske orda,

2. slo han profeten Jeremia og sette han i gapestokken ved den øvre Benjamin-porten, som fører inn til Herrens hus.

3. Dagen etter sleppte Pasjhur Jeremia laus frå gapestokken. Då sa Jeremia til han: Herren kallar deg ikkje Pasjhur, men «Redsle på alle kantar».

Les hele kapitlet Jeremia 20