Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 2:32-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

32. Kan ei jomfru gløyma smykket sitteller ei brur sitt belte?Men folket mitt har gløymt meggjennom dagar utan tal.

33. Så flink du er til å finna vegennår du er ute etter elsk!Difor har du òg lært degå gå på vonde vegar.

34. På kappeflikane dine er blodfrå skuldlause fattigfolksom du ikkje har gripe i innbrot.Likevel

35. seier du:«Eg er utan skuld,vreiden hans har vendt seg frå meg.»Sjå, no får eg deg dømd,for du seier: «Eg har ikkje synda.»

36. Så lett du harfor å ta ein annan veg!Men også av Egypt blir du gjord til skamme,slik du fekk skam av Assur.

37. Også herifrå må du gå utmed hendene over hovudet.For Herren har forkastadei du stolar på,du får inga nytte av dei.

Les hele kapitlet Jeremia 2